Flaggermus på loftet!
Velkomen til eit skrekkeleg morosamt familiearrangement 18. oktober!
Velkomen til eit skrekkeleg morosamt familiearrangement!
Bli med på ein dag full av leik, kreativitet og passe skummel moro! Me fyller huset med flaggermus, fantasi og aktivitetar for born. Du kan mellom anna bli med på kjekke leikar, kreativt verkstad og ansiktsmåling.
PROGRAM
Kl. 12–15: Kreativt verkstad
Kl. 12–15: Ansiktsmåling
Kl. 12–15: Lag dine eigne flaggermusvenger og -øyre
Kl. 13.30 og 14.45: Flaggermusleiken
Kom gjerne utkledd som flaggermus, eller lag dine eigne venger og øyre hos oss!
BILLETTAR
Kr. 100 for born - gratis for vaksne. Arrangementet er for born i følgje med ein vaksen. Vaksne kan dessverre ikkje delta utan born.
Ta med familien og bli med på ein kjekk og annleis haustdag på Hå gamle prestegard! Me gler oss til å sjå dykk!