page view image

Foredrag med Audun Myskja

Velkomen til foredrag med lege og forfattar Audun Myskja, i samband med utstillinga PUST av Signe Christine Urdal.

Informasjon
event image

Velkomen til foredrag med lege og forfattar Audun Myskja, i samband med utstillinga PUST av Signe Christine Urdal.

Audun Myskja er lege og spesialist i allmennmedisin, og har ein doktorgrad i bruk av musikk i eldreomsorgen. Han driv Senter for livshjelp saman med sin kone Reidun Myskja, eit tverrfagleg prosjekt som legg vekt på hjelp til sjølvhjelp. Audun Myskja held ei rekkje kurs og foredrag i inn- og utland og har vunnet fleire prisar, mellom anna Den norske legeforeningens Kvalitetspris. Han har utvikla mestringsmedisin, ei samling av viten og tiltak som hjelp mennesker å byggje helsa. Audun Myskja har lært fastleger, lærere, skoleelever og bedriftsleiare å puste optimalt, og har utdanna seg innen pust hos nokre av verdas fremste pusteekspertar. 


Om utstillinga. I nye fjoset på Hå gamle prestegard syner Signe Christine Urdal utstillinga PUST. Utstillinga viser fotografi, installasjon, videoverk og lyd. Urdal har òg laga ein eigen publikasjon til utstillinga med tekstar av lege og forfattar Audun Myskja og professor i humanistisk helseforsikring og psykososiale studiar Birgitta Haga Gripsrud. 

Utstillinga er ei vidareutvikling av kunstprosjektet «Å vende hjem» (2017), der kunstnaren utforskar tema identitet, tilhøyr og forholda mellom liv og død. Motivasjonen bak kunstprosjektet er å utforska dei utfordringane eit menneske kan stå ovanfor i ulike livssituasjonar, samt reflektera over eit sårbart tema på eit individuelt og mellommenneskeleg nivå.   

Lydverket i utstillinga er laga i tett samarbeid med komponist og musikar Arne Hiorth. Hiorth har i mange år nytta lyden av pust som del av sitt lydbilete. Pust er òg ein naturleg del av å skapa lyd på hans hovudinstrument trompet.  

Signe Christine Urdal er biletkunstnar frå Stavanger. Ho blei uteksaminert frå Oslo Fotokunstskole etter ein bachelorgrad i sosialantropologi og kunsthistorie frå Universitetet i Oslo, og starta sin karriere som assistent for Dag Alveng. Urdal arbeider prosjektbasert med fotografi, video og installasjon. Dette nyttar ho  som medium til å utforske mellommenneskelege tilstander knytt til identitet. Med bakgrunn frå sosialantropologi er hennar kunstnariske motivasjon eit personleg engasjement, politisk og sosialt. Urdal debuterte på Vestlandsutstillingen og har sidan stilt ut nasjonalt og internasjonalt. Arbeida hennar har mellom anna vore utstilt hjå Fotogalleriet, Bryne kunstforening, Spriten kunsthall, Preus Museum, Rogaland kunstsenter, Galleri Sølvberget, Tou ølhallene, Skur 2, Førde kunstforening, Kunstmuseet KUBE, Haugesund Billedgalleri, Stavanger kunstforening, Galleri Giga, Terminal 08 Gallery i Polen og Nablus kulturfestival i Palestina. 


Foto: Tove K. Breistein

audunmyskja pust signechristineurdal foredrag hågamleprestegard jæren nærbø

Restriksjoner

Student og vennelagsbillett er kun gyldig fremvist med bevis