KVIFOR BRY SEG OM | GAMLE LØER
Velkomen til eit foredrag med arkitekt Frida Dahl Obrestad.
1900-tals løer er ein uerstatteleg del av Jærens landskap, arkitektur og identitet. Trass i den sentrale rolla desse løene har, er dei truga frå fleire hald. I eit føredrag med utgangspunkt i diplomoppgåva si ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, syner Frida Dahl Obrestad korleis løene på Jæren kan revitaliserast for å møte nye statlege krav.
Diplomoppgåva er ei undersøking av låvetypologien på Jæren frå 1900-talet, med eit moglegheitsstudie som tek føre seg transformasjon av ei slik løe for vidare bruk innan storfedrift i møte med nye lovkrav. Innan januar 2034 skal all drift av storfe i Noreg vere lausdrift, og heile sektoren har måtta omstille seg frå tradisjonell båsedrift. Den pågåande omstillinga og industrialiseringa av landbrukssektoren trugar overlevinga til Jæren sine 1900-talsløer. Desse strukturane blir forlatne til fordel for nye og moderne driftsbygningar, prefabrikkerte og importerte frå andre delar av Europa – utan stadstilhøyrsle, lokal byggjeskikk eller bruk av lokale material. I diplomens moglegheitsstudie blir det greidd ut korleis dei komande krava til lausdrift kan oppnåast innanfor desse historiske løene. Dette kan redusere karbonavtrykket i næringa og behovet for nedbygging av verdifull matjord, samstundes som det bidreg til å verne 1900-talsløa gjennom vidare aktiv bruk.
Frida Dahl Obrestad (27) er ein nyutdanna arkitekt frå Jæren. Ho fullførte utdanninga si ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) i januar 2025 med diplomoppgåva Løå: Revitalizing the 20th-century Barn of Jæren, som òg vart vist under Arendalsuka 2025. Etter endt utdanning har ho vidareutvikla tematikken gjennom Studio Braak – eit arkitektfellesskap ho etablerte saman med fire medstudentar i Oslo. Under masterstudiet hadde Frida eit utvekslingsopphald i Tokyo, der ho fordjupa seg i tradisjonell japansk trearkitektur. Ho er oppteken av arkitektur som spring ut av lokal byggjeskikk, stadstilhøyrsle og kultur, og av potensialet som ligg i å transformere og gjenbruke eksisterande strukturar.