page view image

Kvifor bry seg om | Steingard

Kvifor finst det så mange steingardar på Jæren? Kva fortel dei om historia vår? Og kva skjer når kulturminna skal fungera i eit moderne jordbruk?

Informasjon
event image

Lær meir om steingardane på Jæren med Anne Jorunn Frøyen, førstekonservator NMF og historikar ved Jærmuseet, og Ståle Hustoft, styreleiar i Rogaland Bondelag.

Hå kommune har fleire steingardar enn nokon annan kommune i landet. Dei er ein karakteristisk del av det jærske kulturlandskapet og eit tydeleg spor etter generasjonar med jordbruk. Steinane som blei rydda frå åkrane, blei til gjerde, skilje og grenser – og har etter kvart blitt ein viktig del av landskapet si kulturhistorie.

Steingardane fortel om arbeidet med å dyrka jorda, om eigedomsgrenser og om korleis landskapet på Jæren har blitt forma over tid. Samstundes er dei framleis ein del av eit landskap som skal brukast og drivast. Jordbruket har endra seg, og med nye driftsformer og større maskiner kan det oppstå utfordringar når ein skal ta vare på steingardane.

Kvifor skal vi bry oss om steingardane? Kva kulturhistorisk verdi har dei, og korleis kan ein ta vare på dei samtidig som jordbruket skal utviklast vidare?

På dette arrangementet møter vi to perspektiv på steingarden. Anne Jorunn Frøyen vil fortelje om steingardane som kulturminne og om kva dei kan fortelje om jærsk jordbruk og landskapshistorie. Ståle Hustoft vil løfte fram perspektivet frå landbruket og dei praktiske utfordringane knytte til å ta vare på steingardane i eit moderne jordbruk.

Velkomen til eit spanande føremiddagsarrangement om stein, historie, jordbruk og det jærske kulturlandskapet.

Det vil bli servering av kaffi/te og heimelaga lefser.

Pris: 150 kr (billetten inkluderer inngang til kunstutstillingane og den arkeologiske utstillinga SPOR).

hågamleprestegard