Polfararen på Fyret
Kven var eventyrareren som kom til fyret etter å ha vært med på Fram-ekspedisjonen til Fridtjof Nansen?
Onsdag 2. desember inviterer me til eit spennande føredrag om fyrvaktaren Theodor Claudius Jacobsen, ein mann med eit liv som strekte seg frå polareventyr til arbeid som fyrvaktar på Obrestad fyr.
Ingunn Sirevåg Nord-Varhaug, kultursjef i Hå kommune, fortel om Jacobsen, livet hans og historia knytt til Obrestad fyr. Kva gjorde ein polfarar etter å ha vore med på ei av dei mest kjende ekspedisjonane i norsk polarhistorie – og korleis hamna han på Jæren?
Etter føredraget tenner me fyrlykta frå 1873, og dørene blir opna inn til fyrmuseet på Obrestad fyr. Her får du høve til å sjå fyrlykta lysande over Jæren, og ta eit nærare blikk på dei mange fine og rare dippeduttane som finst inne på fyrmuseet.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Hå gamle prestegard og Jæren Kystlag.